Vi tilbyr ulike omsorgstenester hovudsakleg til barn og unge.
Kvart tilbod er skreddarsydd etter den enkelte sitt ønske og behov.
På sjølve garden har vi til dømes
Vi tilbyr også omsorgstenester utanfor garden, knytt til brukar sin eigen heim.
Bu og avlastningstilbudet for brukarar i einetiltak vert tilpassa brukar sitt behov og bustad.
I tillegg til omsorgstenester har vi andre tilbod på garden
Gardsbesøk:
Vi tek imot besøk av skular, barnehagar og andre grupper på garden.
Det er også mogleg for private grupper å avtale besøk.
Vi tilbyr opplegg både med og utan personale. Under gardsbesøket får dokke helse på dyra og kan få delta på fjøsstell.
Det er også mogleg å nytte gapahuk, bålplass og områda ellers på garden.
Ta gjerne kontakt om du vil vite meir om slike besøk på garden.
Bursdagfeiring:
Vi tilbyr eit eige opplegg for bursdagsfering. Opplegget varer ca 2 timar etter avtale med oss.
Då får de vere med på å stelle og kose med dyra, og får servert mat på bålpanna.
Vi står for pølser. Om ein vil ha med eigen/anna mat kan de sjølvsagt gjere det.
Pris: 149 kroner per barn, minimum 1500 kroner.
Aktiv gardsferie:
I utvalde feriar har vi "Aktiv gardsferie" for barn i barneskulealder. Dette har vore svært populært. På aktiv gardsferie får barna delta på mykje ulike aktivitetar, turar, leik, stell av og kos med dyr. Det er mulighet for å delta både enkelt dagar og heile veka. Eit kjekt og lærerikt tilbod i ferien. Aktiv gardsferie vert annonsert i god tid på førehand på Facebooksida vår. Ta gjerne kontakt om du har spørsmål om tilbodet.
Vi har også open gard ved ulike anledninger, følg med på Facebooksida for datoar.
Verdigrunnlag:
Angedal Gard sitt verdigrunnlag er å formidle trygghet, respekt og omsorg for den enkelte. Gjennom fysisk aktivitet, meistring, samhandling og glede får den enkelte hjelp til sjølvhjelp og positiv eigenutvilking.
Vi ynskjer å gje eit individuelt tilpassa tilbod som inneheld ein aktiv og innhaldsrik kvardag, med fokus på meistring og gode opplevingar. Det er mange aktivitetar og oppgåver på garden, t.d. stell av dyr og planter, skogsdrift, vedlikehald av maskiner og bygningar, samt turar og utflukter i nærområdet. Kva aktivitet ein legg vekt på vil variere ut i frå brukar sitt ønske og behov. I tillegg til arbeidet på garden kastar vi oss ut i ulike aktivitetar som bading, kanotur, fisking, telttur i skogen (eller hagen), sykkelturar osv. om sommaren, og ski, aking, bålgrilling og uteleik om vinteren. Med gardsdrift, dyr, natur og sosialt samvær som ramme, er målet ein god og innhaldsrik kvardag fylt av ein god blanding leik og moro, arbeid og mestring.
Du kan lese meir om vårt faglege arbeid her
Leiar Martha Angedal vann Bygdeutviklingsprisen 2013 for sitt tiltak på Angedal Gard.
Der var ho også 1 av 3 som vart sendt til den nasjonale finalen.
Du kan lese meir om dette under «I media».
Angedal Gard er godkjend som «Inn på tunet» tilbydar av Matmerk. Denne godkjenninga er eit kvalitetsstempel for tiltaket. Du kan lese meir om Inn på Tunet på Matmerk sine sider her.
I regjeringens stortingsmelding for 2014-2015 var Inn på tunet eit av satsningsområda, og Angedal Gard vart brukt som eit godt eksempel. Dette var gledelig for oss, og eit teikn på at det vi gjer, fungerer.
Kontakt
Angedal Gard AS
v/Martha Bjørvik Angedal
Angedalen
6811 FØRDE
mba@angedalgard.no
+47 90611341
Følg oss gjerne på Facebook