Tilsette

Tilsette


Her vil vi gje ein kort presentasjon av alle dei tilsette hos Angedal Gard AS. Tilsette både på garden og i dei andre bu og avlastningstiltaka utanfor sjølve garden.


Leiar

Martha Angedal


Martha er eigar og dagleg leiar av Angedal Gard AS.

Ho er oppvaksen på garden og såg tidleg kva nytte og glede arbeid på gard kunne gje enkeltpersonar, særleg dei med mangel på meistringsopplevingar.

Martha har eit brennande engasjement, og bryr seg om og ser alle. Med sin varme personlighet og væremåte tar ho godt vare på alle barna og ungdommane, dyra, og sine ansatte i Angedalen.


Martha kjem frå Angedalen/Førde og bur i Førde.


Utdanning:

-Ferdig utdanna sosionom i 2006.

-Videreutdanning i dyreassistert terapi.

-Vidareutdanning i organisasjon og leiing.

-Vidareutdanning i Styrekompetanse

-Spesialist i psykisk helse for barn og unge


Anna relevant arbiedserfaring:

Har arbeidd innan barnevern og psykiatri fram til ho starta opp sjølv på Angedal Gard.


Martha er også leiar i Inn på tunet nettverket i Sogn og Fjordane.



Tilsette


Eva


Eva kjem frå Førde, og har jobba i  Angedalen sidan 2013.


Eva er livleg og engasjert. Ho tar med ungdommane på varierte arbeidoppgåver og aktiviteter. Ho er veldig allsidig, likar godt sang og musikk, dikt, og å vere ute i naturen. Ho trivs godt med å jobbe med dyra og på garden, og å reise på kjekke aktivitetar med ungdomane. Ivrig deltakar i alle medieprosjekt vi har hatt på garden.



Utdannaing:

-Førskulelærar


Relevant arbeidserfaring:

-10 års erfaring i barnehage




Gry


Gry kjem frå Førde og har jobba i Angedalen sidan 2012.


Gry er engasjert og kreativ.

Ho er initiativtakar og pådrivar for dei fleste musikk og video prosjekta. Likar å finne på kjekke aktivitetar både på og utanfor garden.


Utdanning:

-Barnevernspedagog

-Vidareutdanning i dyreassisterte intervensjonar


Relevant arbiedserfaring:

-«Ein til ein» assistent på ungdomsskule

-Assistent i barneskule

-SFO

-Avløysar på gard 

 




Ingvild


Ho kjem frå Sande, har jobba i Angedalen sidan sommaren 2015


Ingvild er ein sosial, positiv og aktiv person som likar å vere ute i naturen. Utanom å jobbe i Angedalen jobbar ho også som personleg trenar. Dette er noko ungdomane på garden drar god nytte av, og ho tar gjerne med seg dei som ønsker på treningsøkter.



Utddanning:

-Bachelor i sosiologi.

-Bachelor i folkehelsearbeid.


Relevant arbeidserfaring:

-Personleg trenar




Mads


Mads er fra Oslo, bur i Sogndal, og han har jobba på Angedal Gard fra 2012.


Mads er ein allsidig og aktiv person som liker å ta med ungdomer på aktiviteter som skogsarbeid, ski, fiske, padling, fotball, bading osv.


Mads ser kun løysninger og ingen problemer.


Relevant utdanning:

-Bachelor i idrett og friluftsiv

-Årsstudium i praktisk pedagogisk lærerutdannelse

-Enkeltemne i sosialpsykologi

-Enkeltemne i kommunikasjon, samarbeid og ledelse


Relevant jobberfaring:

-Miljøretapaut i forsterket bokollektiv

-Lærervikar

-Aktivitetsleder på sommerleir

-SFO assistent

-Miljøarbeider på sommerleir i regi av barne- og familieetaten i Oslo kommune





Gaute


Gaute kjem frå Oppdal, bur i Førde, og har jobba i Angedalen sidan 2013.


Gaute er ein kar med godt humør, sta, kreativ og med god arbeidsvilje. Hans mål er å skape mestringsglede, fremme god fysisk og psykisk helse. Han ønsker å gi ungdomane gode opplevingar og erfaringar som dei kan ta med seg vidare. Interesser er bl.a generelt friluftsliv, ski, fjellturar til fots og med ski, diverse andre sporter som ballsport og løp.


Utdanning:

- Bachelor i idrett og friluftsliv.

- PPU (Praktisk, pedagogisk utdanning)

- Årsstudium Historie.

- Master i idrettsvitenskap (Masteroppgåve om samanhengen mellom fysisk form og skuleprestasjonar)


Relevant arbeidserfaring:

- Lærar for barne og ungdomskule, samt VGS.

- Jobba 2 år i psykiatrien i Årdal og Sogndal.

- Jobba 5 år i heimesjukepleien.




Carina

Carina kjem frå Førde og har jobba i Angedalen sidan 2015.


Ho er oppriktig intressert i å vite mykje om det som opptar ungdomen til ei kvar tid. Carina er nyskjerrig og open for å lære noko nytt og prøve nye ting.

Ein ekte sangfugl og humørspreder, med eit godt hjerte og stor omsorg for alle rundt seg.

Ho er flink til å engasjere og få ungdommane med seg i arbeidet rundt på garden.


Utdanning

- Sosionom

-Videreutdanning i rus og psykisk helse

-Videreutdanning i MARTA og misbrukpsykologi

-Jordbruk og iddrettsgrunnfag

- Kurs i emosjonsfokusert ferdighetstrening for foreldre og terapauter


Relevant arbeidserfaring

- 12 års erfaring innan arbeid med rus og psykisk helse

- 2 år på stall





Karita

Karita kjem fra Førde.

Ho har jobba i Angedalen sidan 2011, med eit 9 mnd avbrekk då ho jobba som hundekjørar i Finnmark.


Karita er ei livlig dame som trivest best ute, og helst til fjells.

i 2018 gjekk Karita Norge på langs saman med ei venninde og hundane. 

Ho er sjeldan å sjå utan sine faste følgesvenna, huskyane Takotna (Tako) og Virma ved si side.

Karita finn gjerne på kjekke friluftsaktivitetar med ungdommane der ho lærer dei å meistre og å bli glad i å vere ute i naturen.



Utdanning

- Bachelor i sosialt arbeid, sosionom.


Relevant arbeidserfaring

- Erfaring frå jobb med psykisk utviklingshemming.




Vivian

  

Kjem frå Hestenesøyra der ho vaks opp på gard, og bur no i Førde.

Ho har jobba i Angedalen sidan februar 2017.


Vivian er ei sosial og utadvent dame med mykje godt humør. Ho trives godt ute i skog og mark ilag med andre, på ski, jakt eller telttur med bål. Ho er omsorgsfull med både ungdommane og dyra på garden, og gjer virkelig ein forskjell for dei som treng det.


Vivian er eit skikkelig ordensmenneske som sørger for at alt er på stell.



Utdanning

- Helse og sosialfag

- Naturbruk på Mo jordbruksskule


Relevant arbeidserfaring

- Bu og miljøtenesta

- Assistent på skule for barn med speselle behov

- Sfo

- Avlastningsbustad .



Leif Harald


Han er sjølv oppvaksen her på Angedal Gard, men bur no i Førde.


Leif Harald er vår vaktmester og altmuligmann, som har ei løsning på det meste av problem vi måtte støte på. En handy ordensmann som stiller opp for alle.

Han er ein skikkelig trivelig kar som er godt likt av alle, alltid like smilande og hyggelig.




Utdanning

-Bilmekaniker


Relevant arbeidserfaring

-Bilmekaniker

-Maskinist i militæret


Therese

Therese kjem frå Førde, og har jobba for Angedal Gard sidan 2017.


Therese er eit sosialt vesen og stort sett alltid blid og glad. Er glad i folk og opptatt av at alle skal ha det bra. Ho er svært omsorgsfull ovanfor ungdommane, dyra og kollegaene. 

Therese er litt som Pippi, ikkje redd for å prøve nye ting, og tar utfordringar på strak arm. Ho er glad i musikk, og synger gjerne, (trass i sjølvpåstått mangel på sangstemme). Har vore allsidig inann idrett. 


Relevant Utdanning

- Kurs i emosjonsfokusert ferdighetstrening for foreldre og terapauter 


Relevant arbeidserfaring

- Mange år på sjukeheim og i psykiatriteneste

-Brei erfaring på fleire ulike felt innan sal og service



Siv Jannicke

Siv Jannicke kjem frå Florø, og har jobba for Angedal Gard sidan 2021.


Siv Jannicke er sprudlende og sosial. Full av godt humør og ser positvit på det meste. Flink til å få ungdommane til å føle seg sett. Ho er glad i frilutfsliv, fjelltur og ski. Tar gjerne ungdommane med på ein tur i skiløypa eller i slalombakken.  I helgane kan ho plutselig trylle fram god gjæbakst eller kaker til helgekosen.



Relevant Utdanning

- Lærer

- Coaching og relasjonsleiing


Relevant arbeidserfaring

-Har jobba over 20 år som lærar i grunnskulen

- Krisesenteret

- Lærer på folkeuniversitetet 

- Omsorgsheim 

- Treningsinstruktør



Ludvik

Ludvik kjem fra Naustdal, der han er oppvokst på småbruk, og har sjølv dreve garden med sau. Har jobba for Angedal Gard sidan 2019.


Ludvik er ein musikalsk fyr som er glad i dans og musikk. Har spelt klarinett sidan han var liten, og spelar no bassklarinett og tverrfløyte. Hadde førstegangsteneste i musikktroppen i Garden. Ludvik lagar god mat som han servere med kjærleik, og er ekspert på kanelknuter. Er ellers glad i friluftsliv og i å stelle med garden og dyra saman med ungdommane.

Han likar lange svømmeturar ute, og har som underholdning for ungdommar og kollegaer arrangert svømmestevne(med seg sjølv som einaste deltakar) Botnavatnet rundt med tippekonkurranse om tidsbruk. Med sin varme veremåte og lune humor er han umulig å misslike. 


Ludvik har budd og jobba eit år i Malawi


Relevant Utdanning

- Allmennlærar med årsstudium i historie



Relevant arbeidserfaring

-Lærar i grunnskule

- Dagleg leiar/pedagog i familiebarnehage

-Støttekontakt/fritidskontakt 

-Erfaring fra arbeid med lokalmat og gardsarbeid