Vi har mange forskellige dyr som vi er veldig glade i.
Her kan du sjå bilde av, og lese litt om, alle dyra som bur på garden.
Melki
Melki er vår kjære maskot. Melki dukkar som regel opp på arrangementa på garden og er svært populær blant barna.
Melki er glad i gode klemmer og "high fives".
Kyrene
Kyraflokken vår består av rasen Dexter, som er mini-kyr.
Kyrne bur i fjøsen på vinteren, med tilgang til å gå ute å lufte seg og snøbade om dei vil. På sommaren går dei ute på beite. Dei går ute heime på garden i starten og slutten av beitesesongen, og på fjellbeite ved Botnavatnet midt på sommaren. Vi har ammekyr, det vil sei at vi ikkje melkar, og at kalvane får gå med mora som ammar kalven.
Minigrisane
Vi har tre supersøte minigriser.
Minigrisane bur inne på melkerommet om vinteren, og ute i ein innhegning utanfor fjøsen om sommaren. Ofte når vi er ute på garden slepp vi dei laus på tunet så dei kan springe rundt å utforske.
Dei er nokon skikkelige matvrak, og håpar alltid på ein godbit når vi kjem forbi .
Kaninane
Vi har ein liten flokk søte kaniner. Dei bur i fjøsen på vinterstid, på sommaren går dei ute i ei stor innhegning utanfor fjøsen.
Fugleflokken
Fugleflokken vår består av forskjellige typer høner og nokre ender. På sommertida tilbringer dei store deler av dagen ute, men når snøen kjem vil hønene holde seg inne. Endene derimot tar seg gjerne ein tur ut også i snøen.
Ullgris/Mangalitsasvin
Ullgrisane våre er ein artig flokk som held til ute på garden.
Dei er svært sosiale og diggar kos og oppmerksomhet. Andre hovudintresser er mat, og å grave i jorda. Ullgrisane går ute heile tida og har eit stort område å boltre seg på.
Ruth og Harry
Ruth og Harry er to katter som kom til oss som små kattunger i 2018.
Dei er skikkelig koselige og artige kosepusar som elskar oppmerksomhet og å vere der ting skjer.
Kontakt
Angedal Gard AS
v/Martha Bjørvik Angedal
Angedalen
6811 FØRDE
mba@angedalgard.no
+47 90611341
Følg oss gjerne på Facebook