Vi tilbyr

Vi tilbyr

 

Vi har ulike tilbod, og skreddarsyr kvart enkelt opplegg etter ønske og behov.

Vi tilbyr omsorgstenester hovudsakleg til barn og ungdom.

 

  • Døgnbaserte omsorgstenester/butilbod
  • Avlastning i vekedagar
  • Helgeavlastning
  • Dagtilbod

 

  • Fritidstilbod
  • Besøksgård/open gard
  • Bursdagsfering

 

 

Vi tek imot besøk av skular, barnehagar og andre type grupper på garden.

Det er også mogleg for private grupper å avtale besøk.

Vi tilbyr opplegg både med og utan personale. Under gardsbesøket får dokke helse på dyra og kan få delta på fjøsstell.

Det er også mogleg å nytte gapahuk, bålplass og områda ellers på garden.

Ta gjerne kontakt om du vil vite meir om slike besøk på garden.

 

Vi tilbyr eit eige opplegg for bursdagsfering. Opplegget varer ca 3 timer etter avtale med oss.

Då får de vere med på å stelle og kose med dyra, og får servert mat på bålpanna.

Vi står for pølser. Om ein vil ha med eigen/anna mat kan de sjølvsagt gjere det.

Iløpet av besøket dukker maskoten vår Melki opp for å helse på barna og kanskje med ein

overraskelse :)

 

Pris: 100 kroner per barn, minimum 1200 kroner. Bursdagsbarnet og vaksne er gratis.

 

Vi har også open gard ved ulike anledninger, følg med her og på Facebook for datoar.

 

 

Angedal Gard sitt verdigrunnlag er å formidle trygghet, respekt og omsorg for den enkelte. Gjennom fysisk aktivitet, meistring, samhandling og glede får den enkelte hjelp til sjølvhjelp og positiv eigenutvilking.

 

Vi ynskjer å gje eit individuelt tilpassa tilbod som inneheld ein aktiv og innhaldsrik kvardag, med fokus på meistring og gode opplevingar. Det er mange aktivitetar og oppgåver på garden, t.d. stell av dyr og planter, skogsdrift, vedlikehald av maskiner og bygningar, samt turar og utflukter i nærområdet. Kva aktivitet ein legg vekt på vil variere ut i frå brukar sitt ønske og behov. I tillegg til arbeidet på garden kastar vi oss ut i ulike aktivitetar som bading, kanotur, fisking, telttur i skogen (eller hagen), sykkelturar osv. om sommaren, og ski, aking, bålgrilling og uteleik om vinteren. Med gardsdrift, dyr, natur og sosialt samvær som ramme, er målet ein god og innhaldsrik kvardag fylt av ein god blanding leik og moro, arbeid og mestring.

 

Sitat jente 18:

"I dalen er det masse å finne på. Dei vaksne er med på det meste!"

Sitat jente 13:

"Det er gøyast på lørdagane. Då får vi godteri!"

Sitat jente 18:

"Det er masse kjekke folk, mange fine dyr, og alle er snille mot alle og respektere alle. Det er kjekt å vere i Angedalen".

 

 

 

Leiar Martha Angedal vann Bygdeutviklingsprisen 2013 for sitt tiltak på Angedal Gard.

Der var ho også 1 av 3 som vart sendt til den nasjonale finalen.

Du kan lese meir om dette under «I media».

 

Angedal Gard er godkjend som «Inn på tunet» tilbydar av Matmerk. Denne godkjenninga er eit kvalitetsstempel for tiltaket. Du kan lese meir om Inn på Tunet på Matmerk sine sider her.

 

I regjeringens stortingsmelding for 2014-2015 var Inn på tunet eit av satsningsområda, og Angedal Gard vart brukt som eit godt eksempel. Dette var gledelig for oss, og eit teikn på at det vi gjer, funker.

 

Kontakt

Angedal Gard AS

v/Martha Bjørvik Angedal

Angedalen

6811 FØRDE

 

mba@angedalgard.no

+47 90611341