Fagleg arbeid

Litt om korleis vi jobbar fagleg

 

På Angedal Gard har vi tilsette med fleire ulike utdanninger og faggrunnlag, men med eit minstekrav om høgskuleutdanning. På denne måten har vi samla mest mogleg kunnskap på ein plass, slik at vi på eit variert kunnskapsgrunnlag kan forstå barn og ungdom på ein best mogleg måte.

 

Dei barn og unge som kjem til oss har ulike interesser og behov, men felles for dei alle er behovet for å bli sett og høyrt, kjenne seg betydningsfulle, få omsorg, oppleve mestring og sjå meining i tilværelsen.

 

Vi arbeider i medleverturnus (det vil sei at dei ansatte bur på garden saman med ungdomane i fleire døgnd samanhengande), og på den måten kjem vi tett innpå barna/ungdommane og lærer dei å kjenne. Medleverturnus er også ein fordel for barna/ungdommane som får få og faste ansatte og forholde seg til gjennom heile dagen/fleire dagar. Dette meiner vi er viktig for trygghet og stabilitet, og er etter vår erfaring med på å gi ein god relasjon mellom barn/ungdom og personale. Ved å arbeide på denne måten har vi også større frihet til å reise på turar og aktivitetar utan å måtte forholde oss til, eller avbryte på grunn av vaktsikifte.

Relasjonen til personalet er noko av det aller viktigaste i det miljøterapeutiske arbeidet. Den gode relasjonen vert etablert gjennom kjekke aktivitetar og det å arbeide saman på garden. Følelsen av å ha utretta og fått til noko saman, og gjort ein god jobb, gir ein slags lag-følelse og barna/ungdommen får sjå at dei er ein resurss på garden, noko som igjen er med på å styrke sjølvkjensla. Det er først då den gode og trygge relasjonen er etablert at ein kan søke å ha dei terapeutiske samtalane. Det viser seg ofte at dei vanskelige samtaleemna er lettast for barna/ungdommane å ta opp under t.d arbeidsøkter eller aktiviteter. I det miljøterapeutiske arbeidet er personalet ein trygg og tydelig vaksen som bidrar til struktur i dagliglivet. Personalet viser barna/ungdommane gode haldningar og verdiar. I møte med dei sårbare barna er personalet rolig og tolmodig. Empati og omsorg er alltid i fokus. Det er viktig at barna skal kunne forholde seg til trygge vaksne i bumiljøet som dei kan stole på og betru seg til. Barna/ungdommane får støtte og tett oppfølging frå trygge og stabile vaksne som bryr seg om dei.

 

Ei anna side av det miljøterapeutiske arbeidet på Angedal Gard er kontakten med dyra. Frå dyra kan barna få nærhet og kjærlighet. Det å føle kjærleik, nærleik, og at nokon treng deg, er noko alle har behov for, nokon meir enn andre. Kontakten med dyra gir kos og kroppskontakt som for dei fleste vil vere unaturlig å søke hos t.d personale. Samværet med dyr er med på å utvikle omsorg og empati. Det å oppleve at dyret set pris på ein er meistring i seg sjølv. Det styrkar sjølvkjensla som igjen er viktig for meistring. Barna/ungdommane lærar også å ta ansvar. Dyra er avhengig av oss for få mat og nødvendig stell. Ein ser konsekvensar og umiddelbart resultat av det dei gjer. Det å jobbe på garden og gjere nytte for seg gjer at barna/ungdommane ser at det er behov for dei. Dei er ein ressurs både for garden og dyra.

 

Vi er opptatt av å byggje opp eit godt sjølvbilete hos barna og hjelpe dei til å takle, og eventuelt korleis dei kan lære å leve med utfordringar dei måtte ha. Nokre har problemstillingar som kanskje ikkje fysisk sett kan gjerast noko med, og då er vår oppgåve å hjelpe dei til å akseptere det og likevel ha eit godt og fullverdig liv. Vi jobbar også med at trass i traumatiserende minner kan notida og framtida vere god. Ved å hjelpe til å bearbeide det negative, samtidig som vi alltid har fokus på det positive, prøve vi å skape eit godt sjølvbilete hos barna/ungdommane. Ved å gi dei tilrettelagte oppgåver viser vi dei at dei er viktige både for garden og dyra. Dei får god omsorg frå trygge og stabile vaksenpersonar, og nærheten til dyra er med på å gi barna empati og å sjølv kunne gi omsorg og kjærlighet.

 

Kontakt

Angedal Gard AS

v/Martha Bjørvik Angedal

Angedalen

6811 FØRDE

 

mba@angedalgard.no

+47 90611341