Tilsette

Tilsette


Her vil vi gje ein kort presentasjon av alle dei tilsette hos Angedal Gard AS. Tilsette både på garden og i dei andre bu og avlastningstiltaka utanfor sjølve garden.


Leiar

Martha Angedal


Martha er eigar og dagleg leiar av Angedal Gard AS.

Ho er oppvaksen på garden og såg tidleg kva nytte og glede arbeid på gard kunne gje enkeltpersonar, særleg dei med mangel på meistringsopplevingar.

Martha har eit brennande engasjement, og bryr seg om og ser alle. Med sin varme personlighet og væremåte tar ho godt vare på alle barna og ungdommane, dyra, og sine ansatte i Angedalen.


Martha er 36 år, kjem frå Angedalen/Førde og bur i Førde.


Utdanning:

-Ferdig utdanna sosionom i 2006.

-Videreutdanning i dyreassistert terapi.

-Vidareutdanning i organisasjon og leiing.

-Vidareutdanning i Styrekompetanse


Anna relevant arbiedserfaring:

Har arbeidd innan barnevern og psykiatri fram til ho starta opp sjølv på Angedal Gard.


Martha er også leiar i Inn på tunet nettverket i Sogn og Fjordane.



Tilsette

Bente


Bente er 38 år. Ho kjem frå Atløy og bur i Førde.


Har jobba i Angedalen sidan Februar 2015.


Bente er ein aktiv person som likar godt å vere ute i friluft/naturen og tar gjerne ungdommane med på det. Ho synest det er inspirerande og givande å jobbe med mennesker og dyr. Ofte vert det servert ferske nybaka rundstykker når Bente er på jobb, til stor glede for både ungdommer og kollegaer. 


Utdanning:

-Førskulelærar

-Videreutdanning i helse og ernæring.

- Kurs i emosjonsfokusert ferdighetstrening for foreldre og terapauter


Relevant arbeidserfaring:

Har jobba 8 år i barnehage, 7 år som pedagogisk leiar/førskulelærar.



Eva


Eva er 36 år. Ho kjem frå, og bur i Førde.


Ho har jobba i Angedalen sidan 2013.


Eva er livleg og engasjert. Ho tar med ungdommane på varierte arbeidoppgåver og aktiviteter. Ho er veldig allsidig, likar godt å vere ute i naturen. Ho trivs godt med å jobbe med dyra og på garden, og å reise på kjekke aktivitetar med ungdomane. Ivrig deltakar i alle medieprosjekt vi har hatt på garden.


Utdannaing:

-Førskulelærar


Relevant arbeidserfaring:

-10 års erfaring i barnehage



Gry


Gry er 31 år, kjem frå Førde og bur i Førde.


Ho har jobba i Angedalen sidan 2012.


Gry er engasjert og kreativ.

Ho er initiativtakar og pådrivar for dei fleste musikk og video prosjekta. Likar å finne på kjekke aktivitetar både på og utanfor garden.


Utdanning:

-Barnevernspedagog

-Vidareutdanning i dyreassisterte intervensjonar


Relevant arbiedserfaring:

-«Ein til ein» lærar/assistent på ungdomsskule

-Assistent og litt vikar i barneskule

-Litt SFO

 



Ingvild


Ingvild er 33 år. Ho kjem frå Sande, og bur i Førde.


Har jobba i Angedalen sidan sommaren 2015


Ingvild er ein sosial, positiv og aktiv person som likar å vere ute i naturen. Utanom å jobbe i Angedalen jobbar ho også som personleg trenar. Dette er noko ungdomane på garden drar god nytte av då ho gjerne tar med seg dei som ønsker på treningsøkter på Spenst. Ingvild trenar sjølv styrkeløft.



Utddanning:

-Bachelor i sosiologi.

-Bachelor i folkehelsearbeid.


Relevant arbeidserfaring:

-Personleg trenar



Mads


Mads er 31 år fra Oslo, bur i Sogndal.


Han har jobba på Angedal Gard fra 2012.


Mads er ein allsidig og aktiv person som liker å ta med ungdomer på aktiviteter som skogsarbeid, ski, fiske, padling, fotball, bading osv.


Relevant utdanning:

-Bachelor i idrett og friluftsiv

-Årsstudium i praktisk pedagogisk lærerutdannelse

-Enkeltemne i sosialpsykologi

-Enkeltemne i kommunikasjon, samarbeid og ledelse


Relevant jobberfaring:

-Miljøretapaut i forsterket bokollektiv

-Lærervikar

-Aktivitetsleder på sommerleir

-SFO assistent

-Miljøarbeider på sommerleir i regi av barne- og familieetaten i Oslo kommune




Gaute


Gaute er 31 år.

Kjem frå Oppdal, bur i Sogndal.

Han har jobba i Angedalen sidan 2013.


Gaute er ein kar med godt humør, sta, kreativ og med god arbeidsvilje. Hans mål er å skape mestringsglede, fremme god fysisk og psykisk helse. Han ønsker å gi ungdomane gode opplevingar og erfaringar som dei kan ta med seg vidare. Interesser er bl.a generelt friluftsliv, ski, fjellturar til fots og med ski, diverse andre sporter som ballsport og løp.


Utdanning:

- Bachelor i idrett og friluftsliv.

- PPU (Praktisk, pedagogisk utdanning)

- Årsstudium Historie.

- Master i idrettsvitenskap (Masteroppgåve om samanhengen mellom fysisk form og skuleprestasjonar)


Relevant arbeidserfaring:

- Lærar for barne og ungdomskule, samt VGS.

- Jobba 2 år i psykiatrien i Årdal og Sogndal.

- Jobba 5 år i heimesjukepleien.



Carina

Carina er 41 år.

Ho kjem frå Førde og bur i Førde.

Ho har jobba i Angedalen sidan April 2015.


Carina er den sjølvutnemnde hønseeksperten vår.

Ho er oppriktig intressert i å vite mykje om det som opptar ungdomen til ei kvar tid. Ho er nyskjerrig og open for å lære noko nytt og prøve nye ting.

Ein ekte sangfugl og humørspreder, med eit godt hjerte og stor omsorg for alle rundt seg.

Ho er flink til å engasjere og få ungdommane med seg i arbeidet rundt på garden.


Utdanning

- Sosionom

-Videreutdanning i rus og psykisk helse

-Videreutdanning i MARTA og missbrukpsykoigi

-Jordbruk og iddrettsgrunnfag

- Kurs i emosjonsfokusert ferdighetstrening for foreldre og terapauter


Relevant arbeidserfaring

- 12 års erfaring med rus og psykisk helse

- 2 år på stall




Karita

Karita er 28 år.

Ho kjem frå Solheimsdalen i Førde.

Ho har jobba i Angedalen sidan 2011, med eit 9 mnd avbrekk då ho jobba som hundekjørar i Finnmark.


Karita er ei livlig dame som trivest best ute, og helst til fjells.

Ho er sjeldan å sjå utan sine faste følgesvenna, huskyane Takotna (Tako) og Virma ved si side.

Karita finn gjerne på kjekke friluftsaktivitetar med ungdommane der ho lærer dei å meistre og å bli glad i å vere ute i naturen.



Utdanning

- Bachelor i sosialt arbeid, sosionom.


Relevant arbeidserfaring

- Erfaring frå jobb med psykisk utviklingshemming.



Vivian

Vivian er 41 år. 

Kjem frå Hestenesøyra der ho vaks opp på gard, og bur no i Sundsdalen i Førde.

Ho har jobba i Angedalen sidan februar 2017.


Vivian er ei sosial og utadvent dame med mykje godt humør, som trives godt ute i skog og mark ilag med andre. Ho er omsorgsfull med både ungdommane og dyra på garden, og gjer virkelig ein forskjell for dei som treng det.


Vivian likar godt å rydde og vaske, men likar ski, jakt, bål og telt minst like godt.



Utdanning

- Helse og sosialfag

- Naturbruk på Mo jordbruksskule


Relevant arbeidserfaring

- Bu og miljøtenesta

- Assistent på skule for barn med speselle behov

- Sfo

- Avlastningsbustad .


Idun

Idun er 41 år. 

Oppvaksen i Naustdal, men flytta til Bergen som 16åring. Kom tilbake i 2003 med mann og barn for å gå på sjukepleien, og innsåg då at Førde var plassen å bu.

Ho har jobba i Angedalen sidan mai 2017.



Idun er ei morsom og empatisk dame som gir masse av seg sjølv. Svært omsorgsfull med både mennesker og dyr.

Ho er jordnær, og ein trygg vaksenperson for ungdommane.


Deresom sola skin tar ho seg gjerne ein pause fra sin favoritthobby, som er interiør og oppussing, for å gå moderate turar på fjellet, eller på ski (dersom det er snø).




Utdanning

- Sjukepleier


Relevant arbeidserfaring

- Bu og miljøtenesta

- Psykiatritenesta


Leif Harald


Leif Harald er 33 år og bur i Førde.

Han er sjølv oppvaksen her på Angedal Gard


Leif Harald er vår vaktmester og altmuligmann, som har ei løsning på det meste av problem vi måtte støte på. En handy ordensmann som stiller opp for alle.

Han er ein skikkelig trivelig kar som er godt likt av alle, alltid like smilande og hyggelig.




Utdanning

-Bilmekaniker


Relevant arbeidserfaring

-Bilmekaniker

-Maskinist i militæret


Therese

Therese er 36 år.

Ho kjem frå,og bur i Førde.

Ho har jobba for Angedal Gard sidan hausten 2017, først i eit anna tiltak, før ho va på plass på garden sommaren 2019.


Therese er eit sosialt vesen og stort sett alltid blid og glad. Er glad i folk og opptatt av at alle skal ha det bra. Ho er svært omsorgsfull ovanfor ungdommane, dyra og kollegaene. 

Therese er litt som Pippi, ikkje redd for å prøve nye ting, og tar utfordringar på strak arm. Ho er glad i musikk, og synger gjerne, (trass i sjølvpåstått mangel på sangstemme). Har vore allsidig inann idrett. 


Relevant Utdanning

- Kurs i emosjonsfokusert ferdighetstrening for foreldre og terapauter 


Relevant arbeidserfaring

- Mange år på sjukeheim og i psykiatriteneste

-Brei erfaring på fleire ulike felt innan sal og service


Kontakt

Angedal Gard AS

v/Martha Bjørvik Angedal

Angedalen

6811 FØRDE


mba@angedalgard.no

+47 90611341