Garden

Garden


Angedal Gard ligg i Angedalen i Førde kommune ca 13km frå Førde sentrum, i Sogn og Fjordane fylke. 

Gardstunet består av to bustadhus der vi nyttar oss av begge husa. Dei går under navnet «Hovudhuset» som er huset som ligg øvst, og «Gamlehuset».

Leiar for Angedal Gard, Martha, er sjølv oppvaksen på garden. Då Martha starta opp tilbodet på Angedal Gard budde ho sjølv på garden i det som vert kalla «Hovudhuset».  «Gamlehuset» vart pussa opp og tatt i bruk. Etter kvart som etterspørselen auka flytta Martha og familien til Førde slik at også «Hovudhuset» kunne benyttast. Ellers består garden av eit vedahus, fjøsen, hønsehus, stall, redskapshus og verkstad.

Vi har sjølvsagt også traktor og diverse maskiner på garden.


Litt oppi bakken ovanfor garden har vi gapahuk og ein koselig bålplass.

Ein liten times gåtur frå garden, ligg Botnavatnet. Her har vi mulighet til å ha kano på sommaren. Dersom det er interesse for det set vi opp lavo som vi kan overnatte i. Vi har fiskerett ved vatnet. Det er i dette området kyrne beitar på sommaren.