Gardsbutikk

Gardsbutikk

Vi har ulike produkter frå garden til salgs.

Ta kontakt ved interesse.

Alpakkafiber/garn

 

Ein gang i året klipper vi alpakkaene våre, Rasmus og Sofus.

 

Alpakkaer produserer ein av verdens finaste og mest luksuriøse naturlige fibre.Fiberen blir brukt i fleire typer kle. Alpakkafiber klør ikkje, og det isolerer svært godt mot både varme og kulde.

Fiberen er svært mjuk.

Alpakkafiber er tre gonger sterkare og fem gonger varmare enn saueull.

Den pustar svært godt og held huda tørr.

 

Vil du lage deg eit unikt produkt med garn frå alpakkefiber?

Ta kontakt dersom du ønsker å kjøpe.

 

 

 

 


Kjøtt av Dexter

 

Vi driv med fleire ku-raser, blandt anna miniatyr rasen Dexter. Dette er ammekyr, det vil sei at kalven får gå med mora, mora ammar kalven.

Dei tilbringer mykje tid ute, både vår sommar og haust, og lever eit godt liv her på garden.

Etter å ha sendt dyra til slakt får vi kjøttet tilbake, og har derfor muligheten til å selge kjøtt av dyr frå eigen gard, der vi veit at livskvaliteten har vore god.

 

Rasen har eit marmorert kjøtt av godt smak og kvalitet.

Kjøttet har ein unik dyprød farge, og kraftig god kjøttsmak.


Ved

 

Vi sel eigenprodusert blandingsved i 80liters sekkar.

Dersom du ønsker å kjøpe større mengder og treng å få veden kjørt heim er det mogleg å ordne.


Boka om Leif Børre

 

Barneboka om Leif Børre handlar om eselet vårt (betre kjend som Donkey).

Boka er skriven av nabo Rune Hegrenes.

Du kan lese meir om boka under "I media".

 

Kontakt

Angedal Gard AS

v/Martha Bjørvik Angedal

Angedalen

6811 FØRDE

 

mba@angedalgard.no

+47 90611341