På garden er det mange dyr. Her ser du Lindi og nokre av dei 14 vennindene henna. I tillegg har vi Ronaldo og hønene hans, minigrisen frøken Nelson, kaninane Frida og Søta, katten Alfa og hunden Kira. I stallen står fjordingen Ranita ilag med eselet Leif Børre.
Angedal gard har ein 15-mans lavvo som ligg 3 km frå hovudvegen. Det er veg heilt fram til lavvoen, så ein kan velje om ein vil gå eller kjøyre. Grilling og overnatting i lavvo er kjekt og stemningsfult i alle årstider. Lavvoen ligg 5 min. gange frå Botnavatnet. Her er det mogeleg å fiske. Vi har også ein kano.
Ta kontakt for pristilbod på leige.
Det er mogeleg med både dag, kveld og døgntilbod på garden.
Ta kontakt for nærmare informasjon.
Det er mange aktivitetar å velje mellom på Angedal Gard, t.d. stell av dyr og planter, skogsdrift, vedlikehald av maskiner og bygningar, samt turar og utflukter i nærområdet. Kva aktivitet ein legg vekt på vil variere ut i frå brukar sitt ynskje og behov.
På Angedal gard ynskjer vi å gje eit tilpassa tilbod som inneheld ein aktiv og innhaldsrik kvardag, med fokus på meistring og gode opplevingar.